Kva skjer?


Sommarkonsert
Stemningsfull konsert i festsalen på Tørvis 29.07
 
I konserten «LUX» bringer folksongaren Unni Løvlid og kontrabassisten Håkon Thelin religiøse folketonar frå Sogn og Fjordane samt eigne låtar inn i heilt nye klanglandskap.

Billettar kostar 200, dette er inkludert kaffi og eplekake.

Songaren Unni Løvlid er ein av våre mest profilerte utøvarar innen
folkemusikken, men ho har heilt sidan ho var student også arbeidd med
samtidsmusikk. Ho har fremført verk av Arne Nordheim, Ørjan Matre og Maja
Ratkje, og gjort konsertsamarbeid med bl.a. støyduoen Fe-Mail.
På «LUX» møtar Unnis nære og jorda formidling av dei ofte mørke og mektige
religiøse folketonane samtidsmusikkens klanglege utforskartrang. I tekstar
om det lille mennesket, om død og om håp. Inn i dette prosjektet har ho har
invitert med den Spellemannvinnande og virtuose samtidsbassisten og venen
Håkon Thelin (Poing, Oslo Sinfonietta, Ensemble Modern), som ho har arbeidd
tett med i ei årrekkje.

I omslagsteksten til plata skriv Håkon: «Til tross for Unni si ofte
langsomme og sanselege kommunikasjon av teksten, forblir melodiane
glødande, som om orda høyrer til på jorda og melodien strekkjer seg inn i
en himmel fylt med lyst. Og, for meg er det aller vakresta med sangen til
Unni at eg alltid føler stemmen hennar i seg sjølv smilar og kaster varmt
lys over tonen.»

Kritikarne seier:
“LUX er en fryd for øret og noe av det mest magiske du kan finne på et
album i 2013 [Folkemusikkbladet] "

“Et strålende album der kombinasjonen av nytt og gammelt skaper et uttrykk
som føles både originalt og tidløst [Trønderavisa]”

“Meisterleg [Dag og Tid]”

LUX
Unni Løvlid - folkesong
Håkon Thelin - kontrabass

 

https://www.facebook.com/events/158083021049375/

 
LustRabalder

 Logo-svart-botn

Etter stor suksess i fjor arrangerar Parken i Gaupne musikkfestivalen LustRabalder i år òg. Me tykkjer dette er eit flott arrangement og er glade for å kunne hjelpe til som artisthotell!

 

 

 

 
Molden Opp

http://www.moldenopp.no/images/logo.png

 

Laurdag 15.juni

Motbakkeløpet Molden Opp arrangerast for fjerde året av IL Bjørn!

Tørvis er med på laget for å gje alle ein fantastisk dag i Marifjøra. Me vil stå for grilling på dagen og på kvelden inviterar me til bankett på Hotellet. Påmelding til banketten til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen .

Løypa startar ved fjorden rett utanfor hotellet og tek deg med 7km med motbakkar til toppen som ligg på 1116 moh. Starten for konkurranseklassane er sjølvsagt kl.11.16.

For mosjonistar er det valgfri starttid, men arrangøren oppfordrar alle til å kome seg til topps før kl.12.10 for å sørgje for god stemning når dei beste kjem i mål.

Sjå meir informasjon på heimesida til molden opp.