Historie
Click image to open!
Click image to open!
Click image to open!
Click image to open!
Click image to open!
Click image to open!
Click image to open!
Click image to open!
Click image to open!


Handelsstaden Marifjøra

Marifjøra har vore handelsplass frå gammalt. Dei første handelsmenn var farande folk. Bysiglarene la til der det var gode hamnar. Dei tok med seg varer til byen for folk og hadde byvarar med heim. Langs landevegen drog kramkarar, bissekremmarar, krøtterhandlarar og driftekararar. Marifjøra var allmenning, der folk i Hafslo hadde naust og hestebeite. Det var ein lagleg landingsplass for folk frå ”Indrebygdi” – Jostedal, Gaupne og Nes. Etter kvart var det ein marknad her, Fjøramarn’n, som grodde fram av seg sjølv og vart halden ved mikkelsmesstider. Marknaden heldt seg fram til 1880-åra. Frå 1660-åra hadde Bergen med sine byprivilegium einerett til all handel på Vestlandet. Dei som fekk drive handel, måtte vere Bergenborgarar. Først i 1842 fekk Norge ein lov som gjorde det lettare å setje i gang handel. 
Den første handelsmannen i Marifjøra som vi veit om, var byborgar Hans Klausen nemnd i 1626. Handekshuset låg på kaien. Steinbryggja var 60 alen lang og 6 alen brei. Handelsmannen hadde lov til å selje til dei reisande ”Ædendes og drikkendes Varere til Nødtørftighed”.

Ein kunne alltid tøyge dette til å gjelde varer som hamp, tobakk, piper, jarn, humle og korn. Kremmaren kjøpte opp varer av bøndene, og han hadde ofte eiga frakteskute som førte varene til Bergen, der han selde med god fortjeneste. I 1801 budde det 19 personar i Fjøra. Blant desse var gjestgjevar Samuel Bugge, kona, svigermor og to tenestefolk. Bugge hadde gjestgjevargarden til 1824. I 1875 kjøpte Jacob Trondsen Tørvis staden. Hans Bugge Næss kjøpte hotellet i 1918, og stedet ble siden drevet av Per Bugge Næss. Jacob Tørvis var oldefaren hans. I 2005 vart hotellet seld av familien Bugge Næss som då hadde eigd og drive hotellet i fleire generasjonar. I 2005 starta ein total oppussingsjobb. Dette arbeidet vart stoppa i 2006 då eigaren vart teken for forsikringssvindel. Hotellet har stått tomt sidan 2006 til det vart kjøpt av Tørvis Eiendom A/S i 2008. Hotellet er no totalt rehabilitert og opna i mai 2009.

 

Vill natur – kosmopolitisk belegg

Ein natur med villskap og ynde lokka turistane til Tørvis, og dei kom langvegs frå. I dei gamle gjestebøkene fra ”Skydsstationen Marifæren” som går heilt attende til 1880, finn ein begeistra helsingar frå alle kantar av verda: Sør-Afrika, London, Amerika, Shanghai, Skottland. Ei av dei lyder slik: ”Fra barndommen av hadde vi hørt om Norges skjønnhet og mystikk, og når vi nå er her, kan vi bare si at nordmennene og vertskapet på Tørvis overgår alle forventninger.

Her kom hollendarar, tyskarar og russarar, eit høgst kosmopolitisk belegg. Deyi mest prominente var kan hende dei kongelege gjestene fra Nederland, Wilheimina og Juliane. Av andre kjende gjester kan nemnast HM Dronning Sonja, Odvar Nordli, Per Borten og Gro Harlem Bruntland (Wibeke Knagenhjelm – Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane).