Feire bryllaup i Sogn i mai, når det er grønt langs fjorden og kvitt på fjelltoppane, eller i september med haustfarga fjellsider. De kan gjere Tørvis til heimen dykkar for ei helg og fylle hotellet med familie og vener. Me hjelp dykk med å få dagen slik de ynskjer, og dekkar opp til middag i festsalen vår.

Ta kontakt med oss på post@torvis.no for pristilbod.

Treng du fotograf til bryllaupet ditt? Jan Ivar (som har teke alle bileta på denne sida) er veldig hyggeleg og gjev topp service! Sjå meir om han her: VikFoto.